Riksteatret: Musikkfabrikken

Riksteatret: Musikkfabrikken

Bli med Oslo-filharmonien og Riksteatret på ei eventyrleg musikkreise for heile familien!

«Musikkfabrikken» er ein fin introduksjon til teater og klassisk musikk, som går rett heim hos dei minste. Vi leikar med musikalske skattar og byr på gøyale overraskingar for auge og øyre. Levande musikk møter fargesprakande animasjonar, eit rampete villsvin og ei jente som drøymer om å bli sjefdirigent for eit heilt orkester.

I tillegg til klassiske perler og nyskriven musikk, er «Musikkfabrikken» spekka med referansar frå TV, film og dataspel som barna kjenner. Saman med skaparane av Elias-filmane, Animando, og det New York-baserte teaterkompaniet Wakka Wakka lagar vi eit magisk musikalsk univers.

«Latteren fra salens små publikummere runger gjennom salen»
Vårt land

«Med fargerike karakterer og et lekent uttrykk er det mye å se på»
Aftenposten

Framsyninga varer 45 minutt og passar for barn frå 3 år.
Velkomne skal de vere!

Nypremiere i Oslo, Nydalen 25. oktober 2023
Turnépremiere i Harstad 1. november 2023
På turné med Riksteatret


Med Kristoffer Bakken Erichsen, Kirjan Waage, Ragni Halle, Eirik Haug Stømner, Ingeborg Elisabeth Moe og Aleksandre Khatiskatsi

Manus og konsept av Wakka Wakka ved Gwendolyn Warnock og Kirjan Waage. Etter eit originalkonsept av Sigurd Slåttebrekk. Regissør, konsept, kostymedesignar, scenograf Gwendolyn Warnock. Dukkedesignar og dukkemakar, scenograf, konsept Kirjan Waage. Arrangør, musikalsk ansvarleg Aleksander Sinding-Larsen Waaktaar. Lyddesignar: Kolbjørn Lyslo. Lysdesignar Camilla Karlsen. Produsent Anita Basmo Bjørnstad.v Animasjon ved Animando. Lagt til rette av Expanse. Basert på "Musikkfabrikken" av Oslo-Filharmonien og Animando, som hadde urpremiere 27. oktober 2017. Produsert av Riksteatret og Oslo-Filharmonien i samarbeid med Wakka Wakka og Animando.