Riksteatret: Ved målet

Riksteatret: Ved målet

For rullestolplassar, ring 917 50 231 man-fre mellom 11.00-16.00. Ledsager med gyldig ledsagerbevis går gratis, få billett i resepsjonen på Oseana. Middag før forestillinga? Ring 53 69 51 40 til vår restaurant for prisar, menyar og bordbestilling!

«Anne Krigsvoll viser seg som vår tids største karakterskuespiller» Aftenposten (5)

«Ved målet» er ei sterk historie om ei mor som ikkje vil gje slepp, og ei vaksen dotter som ikke klarer å komme seg vekk. Kvart år, på den same dagen, reiser dei til det gamle huset ved havet. Slik har det vore så lenge dei kan hugse. Berre dei to, åleine saman. Når ein ung forfattar kjem på besøk, slår mønsteret sprekkar.

-Det var umoleg å seie nei til å spele mammaen i dette prisløna teaterstykket, seier Anne Krigsvoll. Thomas Bernhard er både nådelaus og morosam, og eg opplever at han viser oss noko djupt menneskeleg som alle som har hatt ei mor kan kjenne seg igjen i. Saman med Josefine Frida, som mange kjenner som Noora i «Skam» og «Førstegangstjenesten», og Karl-Vidar Lende frå filmen «Krigsseileren», set ho seg i Riksteatrets turnébuss med eit teaterstykke publikum frå fleire generasjonar kan kjenne seg igjen i.

Pressa skriv:

«stor teaterkunst (…) Det er definitivt verdt turen til ditt nærmeste kulturhus»
Aftenposten (5)

«Gi Anne Krigsvoll en tekst, og hun forvandler den til gull. Legg til Josefine Frida som medspiller i Riksteatrets «Ved målet», og du får en av høstens mest besnærende teateropplevelser.»
Dagsavisen (5)

«et intenst kammerspill (…) med en humoristisk letthet som kler materialet»
Klassekampen

Regien er ved Johannes Holmen Dahl. Han står bak ei rekke kritikarroste teateroppsetjingar med brei appell til publikum i alle aldrar – som «Tid for glede» på Det Norske Teatret og «Hamlet» på Nationaltheatret.

– «Ved målet» stiller den kraftlause generasjonen under lupa. Unge menneske som vil vere på lag, heller enn å bryte med foreldra. Det er både noko håplaust over det, og ei valdsam formaning om å gå i seg sjølv og forsøke. Å ta eit oppgjer, seier Johannes Holmen Dahl.

Ei lenke til det digitale programmet med foto og videoklipp frå Riksteatrets framsyning, intervju med skodespelarane og anna bakgrunnsmateriale finner du her: https://express.adobe.com/page/OHh3XOybka2dv/

Framsyningslengde: 1 time 20 minutt (ingen pause)

Med Anne Krigsvoll, Josefine Frida og Karl-Vidar Lende

Før framsyning, inviterer vi til
GRATIS INTRO
– dramaturg Hege Randi Tørressen fortel om den verdskjende forfattaren Thomas Bernhard og gir deg ei kort intro til Riksteatret si kritikarroste framsyning. Kl 18:15. Velkommen!