
Tarmen Kjendis – TeaterfrøUNG
Kor mange tørk treng du?
Gjer deg klar for det ikkje fullt så kjende reality-konseptet Tarmen kjendis!
Fleire deltakarar har tidlegare deltatt i både «Norges dølleste», «Ekstrem glemsel», «Skal vi sanse», og «Jakten på ærligheten». Her skal ei blanda gruppe kjendisar leve saman på ei hytte med éin utedo.
Kjem dei til å knipe igjen? Har dei nok dopapir til å tåle prøvelsane? Ein av dei står igjen som vinnar av valfritt dopapir resten av livet.
Skodespelarar: Frida J. Helland, Ella Steffensen, Helle de Groot , Eva-Alise Gjertinsen Trongmo, Thea Emilie Hitland Rønning, Marion Hagen, Ellinor Austevoll, Eleah Tysnes Johnsen.
Regi: Frøydis Flotve | Plakat: Malena Hollund Ekeland
Framsyninga passar for heile familien, frå 5 år og oppover.
______
Varigheit: Ca 45 minutt
Servering: Kiosk i foajéen. Oseana Kafé held ope, sjå meny og bestill bord på www.oseanakafe.no
Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt ( 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.
Unummererte seter i Vargasalen i 1. etg.