
Rovdyr – TeaterfrøUNG
Eitt år etter at ei ung jente blei funnen drepen på veg heim frå fest, møtest venene hennar ved åstaden. Det som er tenkt som ei hyggeleg minnestund utviklar seg raskt til ein kamp om sanninga. Men vil dei nokon gong få vite kva som eigentleg skjedde?
TeaterfrøUNG deltek på DUS – Den unge scenen, eit landsdekkande prosjekt som jobbar for å heve nivået på ungdomsteater i Norge.
80-90 ungdomsgrupper fordelt over heile landet deltek i kvar runde som er annan kvart år. 13.-15. mars er det regional festival i Bergen, på Det Vestnorske Teateret, der sju grupper frå ulike deler av fylket er klare til å presentere sine framsyningar. Det vert arrangert festival i alle deltakande regionar og ein landsdekkande festival på Det Norske Teatret i Oslo for utvalde grupper. I 2023 vart vår gruppe valt ut til å representere Vestland.
Skodespelarar: Malia Skarstein Kjetland, Kyrre Skutlaberg Sjøbø, Pernille Søfteland, Tori Fagerthun, Alessandra Langbakk Labellarte, Christina Rød, Marina R. Morvik, Ebba Christine Larsen Totland, Helene Tangen Haugland, Rytė Cymermonaite.
Regi: Frøydis Flotve | Plakat: Malena Hollund Ekeland
Stykket passar ikkje for barn under 10 år.
______
Varigheit: Ca 55 minutt
Servering: Kiosk i foajéen. Oseana Kafé held ope, sjå meny og bestill bord på www.oseanakafe.no
Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt ( 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.
Unummererte seter i Vargasalen i 1. etg.