Familieverkstad – Påskeharar og kaninar i leire

Familieverkstad – Påskeharar og kaninar i leire

Ta med familien og bli med på verkstad! Saman lagar me morosame, søte og fantasirike figurar som kaninar og harar inspirete av våren og påske. Ein koseleg aktivitet som kombinerer læring, kreativitet og kvalitetstid med familien.

Me jobbar i lufttørkande leire. Leira kan målast og dekorerast etter den har tørka.  

Alt materiale og utstyr er inkludert i prisen. Skulpturane kan takast med heim same dag.

Målet med verkstaden er at foreldre og barn skal skape og oppleve noko saman. Difor må også foreldre eller andre deltakarar kjøpe eigen billett for å dekke utstyrskostnader.
 
Praktisk info:  
Stad: Foajeen
Antall plassar: 30
Varigheit: 2 timar
Pris: 150,-
 

Inkludert inngang i Grieg Kunstsamling
Som deltakar på familieverkstadene får du også fri inngang til Grieg Kunstsamling, der de kan utforske kunsten på Oseana saman. (Ordinær inngangspris er kr 100 for vaksne og kr 50 for barn.)

Mange takk til Grieg Foundation, som bringer kunstglede til store og små.