Roar Brekke – For å si det sånn

Roar Brekke – For å si det sånn

Roar Brekke er tilbake med sitt femte soloshow. Ærlegare, tryggare – og betre enn nokon gong.

Etter over 30 år på scena gjer han opp status – ikkje berre over karrieren, men over livet slik det faktisk blei. Denne gongen møter vi òg personen bak komikaren med gummifjeset.

Med trygg timing, fysisk komikk og sylskarpe observasjonar vekslar framsyninga mellom kjappe standup-poeng, lengre historier og karakterar publikum kjenner att – enten dei vil eller ikkje.

Her er oppvekst i Odda, familie, relasjonar og sceneliv – levert med mimikk, presisjon og ein ro som berre tusenvis av framsyningar kan gi. Han tek seg tid når det trengst, og trykkjer til når det skal smelle.

Improvisasjon og samspel med salen er ein naturleg del av kvelden. Ingen framsyningar blir derfor heilt like.

Showet har fått strålande tilbakemeldingar frå publikum. Som denne: «Så bra at eg kjem tilbake – og tek med både mannen min og sonen min!»

For å seie det sånn: Eit gjennomarbeidd humorshow frå ein komikar som veit kva han driv med (og det skulle berre mangle etter 30 år!).

______

Servering: Gjer kvelden komplett med ein god middag eller noko godt i glaset før arrangementet. Oseana Kafé held ope fram til arrangementsstart, og kjøkkenet stenger éin time før. Sjå meny og bestill bord på www.oseanakafe.no

Varigheit: Om lag 75 minutt

Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt ( 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.