Screaming Blood – Mahlet Ogbe Habte

Screaming Blood – Mahlet Ogbe Habte

Utstillingsopning laurdag 2. oktober kl. 14.00
Musikalsk performance og kunstnarsamtale

Om den etiopiske komponisten Saint Yared (505-571 e.Kr.) vart det sagt at han fekk den musikalske innsikta si gjennom eit møte med tre fuglar, som inspirerte han til å skapa tre ulike modale skalaer. Gjennom studiar av Saint Yared, og særleg hymnen «Seatat» frå «dei dødes songar» (Mewasit), ønskjer Mahlet Ogbe Habte å nytta lyd for å formidla utan å måtta gå omvegen via intellektet. Sjølv om musikk berre er ein konstellasjon av lydbølgjer, kan han gi oss emosjonelle erfaringar og setja oss i ulike sinnstilstandar på ein annan måte enn språkleg og visuell kommunikasjon.

I Habtes lydinstallasjonar følgjer vi mennesket Yared gjennom livsløpet hans, frå fødselsaugneblinken, via ein vanskeleg oppvekst, og til tida då han mottok sin heilage innsikt. Ved å fokusera på Yared sine tidlege år, ønskjer Habte ei audmjuk tilnærming til meisteren, eit utgangspunkt der det kan vera mogleg å koma nærare mennesket Yared, og dermed forstå han betre.

Arbeida dreier seg om håp, like mykje som om tap og sorg. Habte har levd tett på sorgprosessar i heimlandet sitt, Eritrea, og målet hennar er å setja publikum i stand til å ta inn over seg kompleksiteten i dei ulike lidingshistoriene som følgjer av dei kontemporære krisene i dag. Men «Seatat» er ikkje ein klagesong, tvert imot er det ein «chant» som skal sørgja for vår udødelege sjels velvære.

Måten vi som menneske uttrykkjer sorg på, varierer frå kultur til kultur, men smerta vi føler når vi går gjennom ein sorgprosess, har ein felles, tidlaus kvalitet, som går på tvers av barrierar som etnisk tilknyting, språk og hudfarge. Det er likevel ikkje noko moraliserande over Habtes prosjekt. Heller kanskje ein vennleg dult, eit nikk i retning av ein felles grunn som vi som menneske har tilgang på, men som vi ikkje nyttar oss tilstrekkeleg av, eller har gløymt eksisterer.

Utstillinga «Screaming Blood» består av fleire lydarbeid, som supplerast av fysiske installasjonar, samt ei gruppe måleri. Mens lyden frå «Dei dødes songar» kan knytast opp mot ei universell tapskjensle, kan dei fargerike måleria og installasjonen til samanlikning stå fram som oppmuntrande og håpefulle. Dei er skapte med utgangspunkt i funne materiale som eller ville blitt kasta. Dei fargerike flatene gir assosiasjonar til kart og havoverflater, og i dette anar vi at forflytting eller endring kan skje. Vi ser ein venleik i det forgjengelege, men også ein parallell til dei stendig fleire namnlause som årleg blir borte i havet, på jakt etter eit betre liv.

Kunstnar og filmskapar Mahlet Ogbe Habte er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen (no KMD) og ved Met Film School i London. Ho er fødd og oppvaksen i Eritrea, men bur og arbeider i dag i Noreg. Ho har deltatt i ei rekkje nasjonale og internasjonale utstillingar og andre kunstprosjekt.

Lydarbeida er laga i samarbeid med komponist Fridtjof Wesseltoft.

Utstillinga er støtta av:

  • Bergen kommune
  • BEK – Bergen senter for elektronisk kunst
  • OCA
  • Kulturrådet – Fond for lyd og bilde
  • St. Michael Ethiopiske Ortodokse Tewahedo Menighet