
Søndagsomvising i Grieg Kunstsamling
Velkomen til ein inspirerande kunstsøndag!
Kvar søndag kl. 13:00 inviterer vi deg med på ei spennande omvising, der du får høyre historia bak Grieg Kunstsamling og utforske utvalde kunstverk. Omvisingane er lågterskel, dialogbaserte og opne for alle – også barnefamiliar.
Varigheit: ca. 45 minutt
Pris: Omvisninga er inkludert i inngangsbilletten. 100,- for vaksne | 50,- for barn, studentar og honnør
Billettar kjøper du i resepsjonen.
Ei kunstoppleving er ein fin måte å kome seg ut, møte folk og lære noko nytt på. Kombiner gjerne besøket med lunsj eller ein kaffikopp i Oseana kafé.