
Duoutstilling: Sørfjordmo & Messel
Velkommen til duoutstilling med to av Noregs mest etterspurde målarar, Øyvind Sørfjordmo og Ole Messel. Utstillinga blir vist i Galleri Hvelvet fram til 1. november, og byr på ei rekkje nye verk frå dei to kunstnarane.
Utstillinga har fått eit format utanom det vanlege. Galleri Hvelvet er fylt med monumentale verk, fleire av dei mellom tre og seks meter lange. Sørfjordmo og Messel har i periodar arbeidd side om side i same atelier, og saman har dei mellom anna skapt eit felles verk på heile seks meter. Resultatet er eit kraftfullt møte mellom to kunstnarskap, med verk som verkeleg tek rommet.
Øyvind Sørfjordmo
Grieg Kunstsamling gjorde sitt fyrste innkjøp av Øyvind Sørfjordmo (f. 1987 i Sarpsborg) i 2021, og har sidan følgt opp med fleire innkjøp. Dette er fyrste gongen han kjem til Hvelvet med nye verk som òg vil vere tilgjengelege for sal. Sørfjordmo arbeider med fargerike og formrike abstrakte måleri, som ofte ligg på grensa til det figurative eller representative.
Auga vert dregne hit og dit på lerreta til Sørfjordmo; den automatiske mønsterattkjenninga i hjernen vert tilført kraftfôr. Detaljar spring fram og gjev ei ane av attkjennelege former, berre for å vike plassen for eit anna element som gjev assosiasjonar til noko heilt anna. Det er leikent og rikt, heile tida nytt, i dialog med auget som ser og mennesket som opplever.
Som Duchamp sa: «…the creative act is not performed by the artist alone; the spectator brings the work in contact with the external world by deciphering and interpreting its inner qualifications and thus adds his contribution to the creative act. This becomes even more obvious when posterity gives its final verdict and sometimes rehabilitates forgotten artists.»
I bileta til Sørfjordmo vert orda til Duchamp ikkje berre ei filosofisk betrakting, men ein levande aktivitet.
Ole Messel
Måleria til Ole Messel er inspirerte av natur og hans eigne repetitive prosessar. Dei får oss til å tenkje på den koloristiske ekspresjonismen til Per Kirkeby, men òg dei overdådige, sprakande skogsinteriøra til Gustav Klimt. Men den lyriske sensitiviteten er alltid til stades, noko som gjer at måleria til Messel aldri vert påtrengjande, men intime refleksjonar over ein opplevd natur.
Ole Messel (f. 1986 i Sarpsborg) bur og arbeider på Falster i Danmark. Han har ein bachelorgrad frå Kunstakademiet i Bergen frå 2013, men hadde si fyrste separatutstilling så seint som i 2024. Det var i galleriet til Katja van Etten Jarem og Sørfjordmo, Galleri Van Etten. På kort tid vart han kjøpt inn av fleire viktige samlingar, og er verkeleg ein kunstnar på rask veg opp.
Samlingsutstilling
I hovedrommet vårt viser vi haustens samlingsutstilling, som består av verk frå Grieg Kunstsamling.
Omvising
Opplev utstillinga saman med ein av våre formidlarar søndagar kl. 13:00. Omvisinga er inkludert i inngangsbilletten.
Praktisk informasjon:
- Opningstider: Onsdag–søndag kl. 12:00–16:00
- Billettar: Barn / student / honnør: 50 kr | Vaksen: 100 kr | Kjøpast i resepsjonen
- Parkering: Gratis parkering (inntil 9 timar) rett utanfor
- Varigheit: Sørfjordmo & Messel står frå 30. september – 1. november
- Til sals: Fleire av verkene er tilgjengelig for sal. Spør om liste i resepsjonen eller ta kontakt med post@oseana.no i forkant.
- Servering: Nyt mat og drikke hos Oseana Kafé
___
Tusen takk til Grieg Foundation og Galleri Brandstrup for eit godt samarbeid!
