
St. Olaf Orchestra – Norway Concert Tour
St. Olaf Orchestra – Norway Concert Tour.
Dr. Chung Park, dirigent
Bli med St. Olaf Orchestra på deira konsertturné gjennom Norge, som feirar to historiske milepælar: 200-årsjubileet for den første organiserte emigrasjonen frå Norge til Nord-Amerika, og 150-årsjubileet for grunnleggjinga av St. Olaf College.
Under leiinga av Dr. Chung Park vil orkesteret opptre for publikum i store deler av Norge. Programmet flettar saman norske kulturelle røter med meisterverk frå orkestertradisjonen, og syner fram St. Olaf Orchestra sin allsidigheit og djupe musikalitet. Opplev magien I musikk som overskrid grenser og generasjonar.
St. Olaf Orchestra, dirigert av Chung Park, er eit fullt symfoniorkester med lange tradisjonar og ei rekkje internasjonale framføringar bak seg. Orkesteret er spesielt kjent for sine entusiastiske og lidenskaplege framsyningar.
St. Olaf Orchestra blei grunnlagt i 1906 ved St. Olaf College i Minnesota, og har med sine 90 medlemmar blitt hylla som eit av USAs beste universitetsorkestre. I 2013 og 2018–19 blei dei tildelt The American Prize for beste orkesterframføring blant høgskuler og universitet i USA.
St. Olaf Orchestra blir ofte samanlikna med profesjonelle orkestre, og har blitt hylla som eit av USAs beste universitetsorkestre av TIME magazine. Orkesteret turnerte for første gong i 1949, då dei reiste gjenom Minnesota og Iowa for å oppmuntre videregåande skuler til å utvikla program for strykemusikk. I løpet av dei neste tiåra vaks orkesteret og blei stadig betre. St. Olaf Orchestra har turnert over store delar av USA, i mange land i Europa samt i Kina, Argentina og Uruguay. Dei har også opptredd med verdskjende dirigentar og utøvarar som Robert Shaw, Krzysztof Penderecki, Leon Fleisher og Sarah Chang.
Dr. Chung Park er nasjonalt anerkjend i USA som dirigent, musikkpedagog og redaktør. Han er dirigent for St. Olaf Orchestra og begynte å dirigera St. Olaf Philharmonia hausten 2023. Park er ettertrakta som gjestedirigent både i profesjonelle og pedagogiske samanhengar, og har engasjement blant anna i Sarasota Orchestra, Orlando Philharmonic Orchestra og universitetsorkestre over heile USA.
KONSERTREPERTOAR
Chorale
(spesifikk chorale blir annonsert)
Johann Sebastian Bach (1685–1750)
Peer Gynt Suite No. 1, op. 46
Prelude: Morgenstemning
Edvard Grieg (1843–1907)
Restless Oceans
Anna Clyne (f. 1980)
Variations on a Norwegian Folk Tune, op. 31
Ifjol gjætt’ e gjeitinn
Johan Svendsen (1840–1911)
Suite No. 1 from Romeo and Juliet, op. 64bis
Sergei Prokofiev (1891–1953)
Suite No. 2 from Romeo and Juliet, op. 64ter
Sergei Prokofiev (1891–1953)
—
Varigheit: Om lag 1 time og 45 minutt.
(Inkludert 15 minutt pause)
Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no