Team Bachstad

Team Bachstad

Team Bachstad kjem til Oseana!

Den populære duoen Øystein Bache og Rune Gokstad har sidan 2011 tatt med TV- sjåarane på ei rekke reiser verda rundt – alltid på utradisjonelt vis. 10 sesongar har så langt gått på NRK1. 

Sommaren 2024 sendte NRK sesong 10 på nrk.no med veldig høge sjåartal – seinare på hausten fylgde dei ni episodane frå deira Japanreise på NRK1.
Sesong 11 blei innspelt tidligare i år – sørlige Afrika blei kryssa på langs! Som i fjor kjem denne på nrk.no til sommaren og linjert på NRK1 utpå hausten.

No får publikum høvet til å oppleve Team Bachstad «live»! I samarbeid med NRK inviterast det til eit talk-show der publikum blir med i ei halvanna time lang reise i levande live, med humor, filmklipp og historier som ikkje kom med i programma! Duoen, som også står bak jule- og påskenøttene på NRK, kjem til Oseana 7.november.

 —

Varigheit: om lag 90 minutt.

Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no

Bestill eit måltid før arrangementet!

Vi tilbyr no ein eigen showmeny i forkant av utvalde kulturarrangement. Du bestiller og betalar maten du vil ha på førehand, og får måltidet servert i kafélokala våre i 1. etg. Du kan møte opp 1–2 timar før arrangementet startar. Maten blir levert av Det Gode Selskap.  

Bestilling/kjøp skjer via billettsystemet vårt.

Du legg til den maten du ønskar i bestillinga di, samtidig som du kjøper billettar til arrangementet. 

Du kan òg etterbestille mat etter du har kjøpt billettane. Klikk her for å gå direkte til matbestilling til showet med Team Bachstad. 

Frist for matbestilling: innan kl. 11:00 dagen før arrangementet.

Har du tilleggsinformasjon, spørsmål eller kommentarar (f.eks om allergiar), eller ønsker du å avbestille maten? Ta kontakt med post@detgodeselskap.no innan kl. 11:00 dagen før arrangementet. Hugs å oppgi dato for reservasjon og namnet ditt.

Skal du bestille mat for grupper (6 personar+)? Ta kontakt på e-posten over for avtale og menyforslag.