UtseldTeiknekurs for barn og ungdom 12-18 år

Teiknekurs for barn og ungdom 12-18 år

Kursleiar Oda Valle er Illustratør, teikneserieskapar, billedkunstnar, debuterande forfattar og praktisk pedagogisk lærar i estetiske fag, busatt i Bjørnafjorden. I april skal ho halde teiknekurs for ungdom mellom 12-18 år.

Vi tilbyr eit intensivt kurs i teikning for nybyrjarar med fokus på form, oppbygging, balanse, linjer, farge og ljos. Du treng ingen forkunnskapar. Vi skal eksperimentere ved å bruke blyant, kol, blekk og akvarell-blyanter for å få inn fargar. Kurset passar for dei som har lyst å lære nye teikneteknikkar og dei som har glede over å teikne. Vi teikner frå stilleben og testar ulike måtar å teikne på.

Stad: Oseana
Undervisningstid:
Laurdag 15. april 12-15
Søndag 16. april 12-15

Varigheit: 6 timer totalt.

Kursavgift: 950,-

Kursavgiften dekker mellom anna teikneutstyr samt lett snacks og noko å drikke. Ta med niste hvis du vil.

Velkomen skal du være!