nodeimage

ka?TARSIS!

Ei iscenesetting av eit (skjebnebestemt?) samanbrot

Av: Enkeltmannsforetaket Ole Mads Sirks Vevle

Dato

04.mars

Tidspunkt

19:00

Pris

Ord. 100,-

Foto:  ka?TARSIS!, måleri av Judy Sirks Vevle

OM FRAMSYNINGA
Dagleg leiar i Enkeltmannsforetaket er oppteken av dei store spørsmåla: Kven er vi? Kvifor er vi her? Ete og drikke? Og kva er eigentleg kunsten si rolle? Skal kunsten vere politisk? Eller skal kunsten rykke deg ut av draumen og ta frå deg livsløgna di? Å rense sjela? KVA SJEL!? 

Dette er ein ekspressiv monolog som går i strupen på eksistensielle, politiske og kunstnariske problemstillingar. Med eit teatralsk språk som er overdrevent affektert og blotta for ironi, tvingar Vevle fram svar på dei ultimate spørsmåla med ultrateatrale verkemidlar. Det eksistensielle alvoret førar til motseiande svar, kor sterke, dramatiske, tildels overdrevne kjensler kjem til uttrykk. Alt peikar mot eit samanbrot!

Katarsis definerast som ‘rensing av sjela’, og visar til den kjenslemessige utladninga ein får av å følge andre sine sterke kjensler. Dagleg Leiar lurar på om ei slik rensing i det heile er mogleg, men han insisterer likevel på å forsøke. Kan kan unngå eit samanbrot, eller er det skjebnebestemt?

Medverkande
Konsept og utøvar: Ole Mads Sirks Vevle – Kunstnerisk fødselshjelper: Marita Moe Sandven – Dramaturg: Nicola Gunn – Lysdesign/tekniker: Thomas Bruvik – Produsent: Camilla Svingen/Syv mil AS

Om kompaniet
Ole Mads Sirks Vevle var ein sentral performancekunstnar i Bergen på starten av 2000-talet. Han har vunne fleire internasjonale priser. Mellom anna fekk kortfilmen hans Love is the Law, to førstepriser under kritikeruka ved filmfestivalen i Cannes i 2003. ka?Tarsis! er hans comeback etter å ha vore borte frå kunstfeltet i 12 år.

 

 

Ord. 100,-

 

Gratis for medlem av Oseana kunstklubb

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement!

Servering

Oseana Kafé og restaurant, tlf. 53695140

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00
ka?TARSIS! | Oseana Kunst og Kultursenter

Oseana Kunst og Kultursenter

Ei verd av inspirasjon