
Dr. Bergland – På død og liv
Ventetida er over – Dr. Bergland er endeleg klar med ny framsyning!
I løpet av dei siste åra har Jonas Kinge Bergland etablert seg som ein av landets største og mest populære komikarar. Sidan debutframsyninga «Dr. Bergland og den alternative medisin» i 2016, har han levert intelligent, kompromisslaus og – etter eigne ord – «heilt brukbar» standup for eit stadig større publikum og begeistra anmeldarar.
Hans andre og tredje framsyningar, «Dr. Bergland bryter taushetsplikten» og «Dr. Bergland uten grenser», selde begge nærmare 100.000 billettar og er ein av dei største suksessane nokon gong for Latter i Oslo.
Forventingane er derfor skyhøge når han no er klar med «Dr. Bergland på død og liv».
Dei siste åra har Jonas jobba som sjukeheimslege og fått god anledning til å reflektere over livet, døden, alderdom og om det finst ei høgare meining med alt dette. Slike tankar kan bli til humor – i alle fall når Dr. Bergland står for leveringa.
Vi gler oss stort til å presentere ei ny framsyning med vår favorittlege.
—
Varigheit: Om lag 1 time og 15 minutt (Utan pause)
Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen, eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no
—

Showmeny – bestill eit måltid før arrangementet!
Vi tilbyr no ein eigen showmeny i forkant av utvalde kulturarrangement. Du bestiller og betalar maten du vil ha på førehand, og får måltidet servert i kafélokala våre i 1.etg. Du kan møte opp 1–2 minutter før arrangementet startar. Maten blir levert av Det Gode Selskap.
Bestilling/kjøp skjer via billettsystemet vårt. Du legg til den maten du ønskar i bestillinga di, samtidig som du kjøper billettar til arrangementet.
Du kan òg etterbestille mat etter du har kjøpt billettane. Klikk her for å kome direkte til matbestilling til showet med Dr. Bergland.
Frist for matbestilling: innan kl. 11:00 dagen før arrangementet.
Har du tilleggsinformasjon, spørsmål eller kommentarar (f.eks om allergiar), eller ønsker du å avbestille maten? Ta kontakt med post@detgodeselskap.no innan kl. 11:00 dagen før arrangementet. Hugs å oppgi dato for reservasjon og namnet ditt.
Skal du bestille mat for grupper (6 personar +)? Ta kontakt på e-posten over for avtale og menyforslag.