
Pubkoret syng jula inn
Opplev gleda av å synge jula inn av full hals saman med andre!
Kjernen i pubkor er at vener naboar, kjende og ukjende skal samlast for å synge og ha det kjekt. Ingen skal prestere noko, ingen opptaksprøvar og ingen noteark. Berre rein songglede!
Vi lærer oss ei kjent låt på éin kveld, og startar heilt frå «scratch» slik at alle kan henge med. Det blir låge skuldrer, baren er open og alle er velkomne – uavhengig av bakgrunn, nivå, ferdigheiter eller talent.
–––
Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no
Matservering: Oseana kafé held ope frå kl 12:00 og fram til arrangementet startar, med servering av smørbrød etc.