
Vitenshitshow 2.0
Vitenshitshow er tilbake, i ei heilt ny og oppdatert drakt, med endå fleire stunt, større eksperiment og meir action enn nokon gong før.
Dennis Siva og Stian Sandø, kjende frå Newton på NRK, har i ei årrekkje underhalde barn og unge med det populære sceneshowet sitt. Her tek dei med seg det beste og morosamaste frå TV.
Showet er ein herleg cocktail av flammar, eksplosjonar, latter og læring!
Dennis Siva Lie er ein prisvinnande programleiar og engasjert formidlar. Han har studert biologi ved Universitetet i Oslo, og med stor lidenskap for klima og natur tek han med seg eit sterkt engasjement inn i både foredrag og show. I 2019 vart han programleiar for det populærvitskaplege NRK-programmet Newton, og seinare Superkroppen og Ikkje gjer dette mot klimaet. Gjennom programma gir han publikum ei unik blanding av underhaldning og læring. Han har vunne både Emmy og Gullruta.
Stian Sandø er ein programleiar, TV-personlegdom og gründer. Han har studert datateknologi og elektronikk ved NTNU, og med stor lidenskap for teknologi og det å finne opp nye ting tek han med seg ei nysgjerrig og skapande tilnærming inn i både foredrag og show. Frå NRK er han mellom anna kjend frå Newton, Sommeråpent og Unormal. Ved sida av skjermen har han starta og bygd fleire selskap, og han elskar å gjere vitenskap forståeleg – og litt gøyare enn folk hadde trudd.
Dette er eit heilt nytt show, med endå større og kulare eksperiment enn sist dei besøkte Oseana. Velkommen!
____
Alder: Passar barn frå 5 år
Varigheit: Ca 50 minutt
Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt (tlf. 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.