
Utstillingsopning: Samlingsutstilling
I haust viser vi eit utval av dei finaste verka frå Grieg Kunstsamling i det storslåtte gallerirommet på Oseana kunst og kultursenter. Her blir det gjensyn med kjende klassikarar, side om side med verk som kanskje overraskar.
Dobbel utstillingsopning
Onsdag 30. september blir det felles opning av to utstillingar på Oseana. Samlingsutstillinga fyller det største visningsrommet vårt, medan Galleri Hvelvet husar duoutstillinga med Øyvind Sørfjordmo og Ole Messel, to av Noregs mest etterspurde målarar.
Både Sørfjordmo og Messel vil vere til stades under opninga og delta i ein kunstprat med kurator Jørgen Larsson og styreleder i Grieg Foundation Elna-Kathrine Grieg.
Vi byr på noko godt i glaset og ønskjer alle hjarteleg velkomne. Gratis inngang.
___
Etter opning vil samlingsutstillinga bli ståande fram til 20. desember, med opningstider onsdag–søndag kl. 12:00–16:00.
Billettar kr 50 for barn/student/honnør og kr 100 for vaksne.
Tusen takk til Grieg Foundation for eit verdifullt samarbeid!