Bad Brooks Country Christmas

Bad Brooks Country Christmas

Velkomen til Country Christmas, ein uforgløymeleg julekonsert med den (litt) kjende countryartisten Bad Brooks! 

Bad Brooks inviterer til ein litt annleis julekonsert, ispedd ei god dose countrymusikk og honky-tonk, basert på gode, gamle julesongar. Bli med på ei magisk reise gjennom eit samansmelta univers av countrymusikk og julestemning. Arrangementet er perfekt for dei som har ein stor kjærleik for countrymusikk, men også for dei som ynskjer å feira jula med ein unik og energisk vri. 

Bad Brooks er ein av Norges mest framstormande countryartistar og har gjennom sitt energiske sceneshow, sin ærlege musikk og kraftige vokal utmerka seg godt innanfor country-rock sjangeren. Han er tidlegare kjend frå større scener både i Norge og i utlandet og kan skilte med å ha opptredd på Nordens største countryfestival og ha varma opp for sjølvaste Brad Paisley saman med Scott Scovill. 

Dette blir ein konsert fylt med mykje kjensler og gode historier frå Bad Brooks sin reise frå den spede oppstarten og fram til no. Blant anna får publikum oppleve ein heilt ny vri av kjende julesongar som Jingle Bells og Winter Wonderland, men også mindre kjende slagerar – alle ikledd ei ny, moderne countrydrakt.

Konserten varer ca. 90 minutt.