Captain Frodos Magiske Sirkus

Captain Frodos Magiske Sirkus

Captain Frodos Magiske Sirkus er ei forrykande morosam framsyning for heile familien! Magi og sirkus i skjønn foreining, blanda med god, gammaldags tivolimoro som får barna til å hyle av begeistring, medan dei vaksne tørkar lattertårer.

Tanken bak framsyninga er å gi barna større tru på sin eigen fantasi og kreativitet. Gjennom trylling og publikumsdeltaking får publikum sjå korleis umoglege idear blir til verkelegheit. Captain Frodo oppmodar alle til å ta draumane sine på alvor.

Sirkusdirektøren er verdsartisten Captain Frodo, som delar av året opptrer i Las Vegas med Cirque du Soleil, og som er kjend frå Dyreparkens Sirkus Jesper. Frodo byr på ekte underhaldning for både små og store, fylt med humor, magi og massevis av hjartevarme.

___

Varigheit: Ca 50 minutt

Servering: Gjer kvelden komplett med ein god middag eller noko godt i glaset før arrangementet. Oseana Kafé held ope fram til arrangementsstart, og kjøkkenet stenger éin time før. Sjå meny og bestill bord på www.oseanakafe.no

Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt ( 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.