
Delta presenterar: Foredrag med Geir Aker
Delta Bjørnafjorden inviterar til eit inspirerande foredrag med Geir Aker, også kjent
som «Fenriken» frå Kompani Lauritzen.
I 2020 vart Geir Aker eit fenomen over natta då han dukka opp i publikumssuksessen “Kompani Lauritzen”. Som kompaniets fenrik leda han deltakarane gjennom programmet med disiplin, tydeligheit og ei stødig hand. Denne kunnskapen lar seg overføre frå det militære til det sivile – disiplin, meistring og utvekling er nokre av favoritt-tema til Geir Aker, og han elskar å formidle dette i sine foredrag.
Gratis for Delta-medlemmar:
Som medlem i Delta kan du få 1 stk billett heilt gratis. Slik gjer du: Vel billettkategori «Delta-medlem», og legg inn kampanjekoden din i kassen før betaling. Maks 1 billett per person. Kampanjekoden får du tilsendt per mail frå Delta.
Ikkje-medlemmar betalar ordinær pris.
Er du ikkje medlem enda, kan du enkelt melde deg inn her: https://www.delta.no/medlemsfordeler/bli-medlem
Vi gjer oppmerksam på at allereie kjøpt billett ikkje er refunderbar.
___
Varigheit: om lag 60 minutt
Rullestol og ledsagarar: Eit avgrensa antal rullestolbillettar er tilgjengeleg. Ledsagarar får gratis inngang. Billettar til rullestolar og
ledsagarar får du via vår resepsjon. Kom innom eller kontakt oss på telefon 917 50 231 / e-post resepsjon@oseana.no. Vår ordinære opningstid er onsdag–søndag
kl. 12:00–16:00.
Mat og drikke: Oseana Kafe held ope frå kl. 12:00–19:00