UtseldDreiekurs

Dreiekurs

Vil du bli med på den nye mindfulness-trenden og forme i leire?
Gjer noko godt for deg sjølv – både for kropp og sjel – og bli med på årets keramikkurs på Oseana! Kurset blir leia av keramisk designar Silje Haugland Rangset.

Leire er eit spennande, organisk materiale som opnar opp for kreativ utforsking og vakre resultat. Dreiekurset passar for alle aldrar og krev ingen forkunnskapar.

Alle deltakarane får ei grundig innføring i dreieteknikkar før dei får prøve seg på å dreie si eiga skål. Mens du ventar på tur, kan du utforske kreativiteten din gjennom teikning og måling med ulike teknikkar.

Kva er inkludert?

  • Opplæring i dreieteknikk av keramisk designar Silje Haugland Rangset
  • Steingodsleire til skåla
  • Utlån av teikne- og måleutstyr
  • Glasering av skåla di. Glasur blir dyppa kun i ein farge.
  • Brann av skåla di, både i råbrann og glasurbrann

Program for dagen

  • Kl. 11.00–12.00: Registrering og opplæring. Her må du vere tilstades og skrive deg opp på liste for å få tildelt tid. Du må registrere deg med navn, telefon og e-postadresse – då kan vi lett gje deg beskjed når dine ting er brent og klare for henting.
  • Kl. 12.00–15.00: Dreiing etter tur. Du får tildelt eit kokkeslett for dreiing. Før og etter dreiing jobbar du på eigenhand på bordet med å for eksempel tørke forma di i tørkeskap, teikne mønster på leireforma di og svampe kantar og bakside. Du kan og teikne på eigenhand, eller ta deg ein tur ut og vente til det blir din tur til å dreie.
  • Hugs å merke forma di med tydeleg namn (fornamn og etternamn), slik at vi veit kven den tilhøyrer.

Til informasjon:

  • Skåla vil tole oppvaskmaskin
  • Vi minner om at leire er eit naturmateriale med minimum 30 % svinn
  • Meir leire kan kjøpast ved behov
  • Teikning skjer på eiga hand. Dersom du er under 10 år, må du ha med ein vaksen
  • Det er mogleg å ta med mat og drikke til kurset, for dei som ønsker det
  • Skåla hentar du sjølv på Oseana når vi gir beskjed om at den er klar

PS: Det er òg mogleg å kjøpe keramisk design, handlaga av Silje H. Rangset, lokalt produsert i verkstaden på Halhjem i Bjørnafjorden. Produkta finn du i gåvebutikken til Oseana.

Har du spørsmål, kan du kontakte Silje på tlf: 986 20 322.

Hjarteleg velkomen til den nye, kreative mindfulness-trenden!