
Ein noko annleis, men ikkje heilt uvanleg julekonsert – Eirik Søfteland & Chris Lund
Eirik Søfteland og Chris Lund inviterer igjen til julekonsert og musikalske krumspring!
Ein konsert fylt med eit breitt spekter av julas mange musikalske ansikt, som skal fylle deg med julestemning og få følelsane til å svinge i takt med musikkens fleirfasetterte natur. Her skal du få både grine og le!
Etter braksuksessen med utselde konserter i 2024, gler dei seg til å kunne ønske deg velkomen tilbake i Oseana for å dele musikkens julemagi!
Eirik og Chris er av opptil fleire ansett som to av Vestlandets største stemmer, og har ein rik musikalsk bakgrunn der sjangrar og musikalske uttrykk er vevd samman og kolliderer i ein eksplosjon av harmoni, trøkk og vakker musikk! Både det sarte, mjuke og det lystige, levande får plass.
Med seg på scena i Oseana har dei nokre av vestlandets beste musikantar i Tore Christer Storlid (gitar), Peter Sæverud (bass), Jens Erik Aasmundseth (trommer), Eyolf Nysæther (tangenter), Hans Marius Andersen (blås) Hilde Vasenden og Sigrun Skjælaaen Dahl (kor).
Dette blir ein musikalsk godbit og ein kveld du absolutt ikkje vil gå glipp av!
Eirik Søfteland er kjend for dei fleste som ein langhåra rockar som tok Noreg med storm med si stemmeprakt og musikkglede i Idol og Skal Vi Danse i 2013. Seinare har han delteke i eit lass av tv-program som Stjernekamp, Århundrets Stemme, Beat for beat osv., og har verkeleg etablert si allsidigheit og musikalske spennvidde.
Chris Lund har jobba som songar i mange år i Bergen, men folk fekk verkeleg augene opp for han då han deltok i The Voice på TV2 våren 2022. Han imponerte både mentorar og publikum med si formidling, stemme og personligheit. I tillegg har han hatt ulike rollar i musikalar som: Les Miserables, Which Witch, Grease og Jesus Christ Superstar. Det er få vokalistar i Noreg som kan skryte av det vokalspekteret Chris innehar.
—–
Varigheit: Om lag 1 time og 30 minutt.
Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no

Showmeny: julebuffet
Bestill eit måltid før arrangementet! Du bestiller og betalar maten på førehand, og får måltidet servert i kafélokala våre i 1. etg. Du kan møte opp 1–2 timar før arrangementet startar. Maten blir levert av Det Gode Selskap.
Bestilling/kjøp skjer via billettsystemet. Du kan anten bestille mat samtidig med at du kjøper billettar til arrangementet, eller etterbestille maten seinare.
Klikk her for matbestilling til framsyninga kl. 18:00
Klikk her for matbestillinga til framsyninga kl. 21:00
Frist for matbestilling: innan kl. 11:00 dagen før arrangementet.
Bordønske, allergiar o.l.: Ønskar du å sitte ved same bord som nokon i ei anna bestilling? Vil du informere om allergiar? Vil du avbestille? Ta kontakt med post@detgodeselskap.no innan kl. 11:00 dagen før arrangementet. Hugs å oppgi dato for reservasjon og namnet ditt.
Skal du bestille mat for grupper (6 personar +)? Ta kontakt på Det Gode Selskap på e-posten over for avtale og menyforslag.