Esau & Jakob – Med Svein Tindberg

Esau & Jakob – Med Svein Tindberg

Svein Tindberg og Kjetil Bang-Hansen er tilbake med ei heilt ny teaterframsyning. Der «Abrahams barn» slutta begynner sjølvsagt historia om Abrahams barnebarn: Esau og Jakob.

Forteljinga om Esau og Jakob, Abrahams barnebarn, er ei av Bibelens mange forteljingar om krig mellom brør – og om den lange vegen mot tilgjeving. Konflikten i Midtøsten er ikkje ein religiøs konflikt. Likevel brukar begge sider religiøse argument.

Dei tidlegare framsyningane til Tindberg og Bang-Hansen inkluderer bl.a. «Markus-evangeliet», «Apostlenes gjerninger» og «Abrahams Barn». Desse er gjennom åra sett av hundretusenvis av begeistra publikummarar over heile landet.

Regi: Kjetil Bang-Hansen

«Aldri har det vel vært formidlet bibelhistorie på en så engasjerende måte.» (Vårt land)

«Én mann på en scene. Et par krakker. Og en fantastisk tekst. Mer trenger du ikke for å lage stort teater. » (Aftenbladet)

Varigheit: 75 minutt

Rullestolar og ledsagarar: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen, eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no

Matservering: Showmeny

Til dette arrangementet tilbyr vi ein eigen showmeny. Du bestiller det du vil ha og betalar på førehand, og får du måltidet servert i kafélokala våre i 1. etg. før arrangementet. Du kan møte opp 1–2 timar før arrangementet startar.

Bestilling/kjøp skjer gjennom billettsystemet. Når du kjøper billettar, vil du få tilbod om å legge til matprodukt. Du kan òg etterbestille mat etter du har kjøpt billettane (lenke under). Frist for matbestilling: innan kl. 11:00 dagen før arrangementet.

Maten blir levert av Det Gode Selskap.

Klikk her for å kome direkte til matbestilling for dette arrangementet.

Bordønske, allergiar o.l.: Vil du sitte ved same bord om nokon i ei anna bestilling? Vil du opplyse om allergiar? Vil du avbestille? Ta kontakt med post@detgodeselskap.no – innan kl. 11:00 dagen før arrangementet. Hugs å oppgi dato for reservasjon og namnet ditt.

Les meir om mat og drikke på Oseana her.