
Riksteatret: Skorpionens spill – i skyggen av Roblox
Av Frode Gjerløw og Håkon Dalsbø
Bli med på ei actionfylt familieframsyning for dei litt større barna, der barna lærer om livet og dei vaksne lærer om barna.
Riksteatrets kritikarroste framsyning «Skorpionens spill – i skyggen av Roblox» passar for deg som likar å game og alle som ønsker seg ein kveld der vaksne og barn kan gjere noko gøy saman!
«Underholdende og smart (..) her får barn og foreldre garantert mye å snakke om»
Dagsavisen (terningkast 5)
«Gøy med gaming på teater»
Aftenposten (terningkast 6)
«Yii-haa! (…) Ein visuell cowboy-fest»
NRK
Gaia er skulens beste på å lage spel i Roblox. Sjølvsikre og overbevisande Axel inviterer henne med i eit Roblox-prosjekt som skal gjere dei rike. Etter press frå bestevennen tar ho sjansen. Men det som startar som ein kreativ draum, utviklar seg raskt til eit giftig samarbeid der ho mistar både kontroll og sjølvtillit. Korleis kan ho ta tilbake kontrollen før det er for seint?
Etter suksessen med «Det mørke fortet – et Minecraft-eventyr», lagar Riksteatret ei heilt ny framsyning der handlinga foregår i Roblox. På kvar av dei 50 stadane som får besøk, medverkar seks lokale barn og ungdom som såkalla skodegamerar, der dei spelar Roblox live på scenen.
Framsyningslengde: 2 timar (inkludert pause).
Framsyninga er laga for dei litt større barna. Passar ikkje for barn under 6 år.
Med Mie Korsbakken Christensen, Tevje Espeland, Albertine Lundgren, Tom Styve og Mie Omholt. Regissør og dramatikar: Frode Gjerløw. Dramatikar: Håkon Dalsbø.
Dramaturg: Mariken Lauvstad. Scenograf og kostymedesignar: Mari Lotherington.
Komponist: Raymond Enoksen. Lyddesignar: Morten Haug Serigstad. Lysdesignar: Martin Myrvold. Videodesignar: Thomas Gallagher. Spelutviklar Shyfoox AS: Nora Helen Engelsvold. Produsent: Bastian Stabell.
Produsert av Riksteatret i samarbeid med Teater Ibsen.
___
Framsyningslengde: 2 timar (inkludert pause).
Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no
Matservering: Oseana kafè er denne dagen open frå kl 16.00 og fram til arrangementet startar.
___
Ansvarsfråskriving:
Denne teaterframsyninga er ein uavhengig produksjon og er verken godkjent, sponsa eller tilknytta Roblox Corporation. «Roblox» er eit registrert varemerke tilhøyrande Roblox Corporation, og all omtale av dette
merket skjer berre i dramaturgisk, kritisk eller analytisk hensikt.
Innhaldet i framsyninga reflekterer manusforfattarane sine eigne meiningar og undersøkingar og er ikkje uttrykk for synspunkta til Roblox Corporation eller nokre av deira tilknytta selskapa. Alle referansar til Roblox eller relaterte produkt vert gjort innanfor ramma av legitim ytringsfriheit og rimeleg bruk («fair use»).