Hildegunn & Leif-Per UTAN Kringkastingsorkestret

Hildegunn & Leif-Per UTAN Kringkastingsorkestret

Hildegunn & Leif-Per kjem til Oseana!

Publikum og presse jublar for comeback-showet til dei populære figurane, gestalta av komikarane Fredrik Steen og Ørjan Liavåg. Hildegunn & Leif-Per tok heile Noreg med storm frå 1998 til 2010. No er dei endeleg tilbake med eit show som det går gjetord om – 15.000 billettar til no!

Det blir galskap, dramatikk og musikk – og svært mykje å le av!

Vi lovar deg ei framsyning som ikkje liknar på så mykje anna i den norske underhaldningsbransjen akkurat no.

«Duoen er så lekende også på dette planet at de durer innom en rekke sjangere, fra det smålune til det helt pompøse, som de bevilger seg sjøl og oss helt mot slutten. Ja takk, alle deler!»

«Meget tekststerke, helt på hugget med timing, og med tydelige og svært gode karakterer.»(Sunnmørsposten)

Av og med Fredrik Steen og Ørjan Liavåg. Regi: Karina Aase 

___ 

Varigheit: 1 time og 25 min.

Rullestolplass og ledsagarbillett: Ledsagarar har gratis inngang. Eit avgrensa antal rullestolplassar er tilgjengeleg. Reserver/kjøpt billettar i resepsjonen, eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no

___

Matservering: Showmeny

Til dette arrangementet tilbyr vi ein eigen showmeny. Du bestiller og betalar på førehand, og får måltidet servert i kafélokala våre i 1. etg. før arrangementet. Du kan møte opp 1–2 timar før arrangementet startar.  

Bestilling/kjøp skjer gjennom billettsystemet. Når du kjøper billettar, vil du få tilbod om å legge til matprodukt. Du kan òg etterbestille mat etter du har kjøpt billettane (lenke under). Frist for matbestilling: innan kl. 11:00 dagen før arrangementet.

Maten blir levert av Det Gode Selskap.

Klikk her for å kome direkte til matbestilling for dette arrangementet.

Bordønske, allergiar o.l.: Vil du sitte ved same bord om nokon i ei anna bestilling? Vil du opplyse om allergiar? Vil du avbestille? Ta kontakt med post@detgodeselskap.no – innan kl. 11:00 dagen før arrangementet. Hugs å oppgi dato for reservasjon og namnet ditt.

Les meir om mat og drikke på Oseana her.