UtseldFamiliekino: Monsterfabrikken

Familiekino: Monsterfabrikken

Sparebanken Norge inviterer til familiekino på Oseana! Ta med familien og kos dykk med den nye animasjonsfilmen «Monsterfabrikken». Billetten kostar berre 30 kroner og inkluderer ein melkerull og eitt mineralvatn.


Takk til Sparebanken Norge!

Filmvisinga er finansiert av Sparebanken Norge og blir arrangert i samarbeid med Oseana kunst- og kultursenter og Bygdekinoen. Billettinntektene går til eit veldedig formål: Prosjekt Hjartetre i Bjørnafjorden. (ekskl. avgift).

Om monsterfabrikken:

I eit slott på toppen av ein ås med utsikt over landsbyen Grubbenubben bur Stinghode. Han er den første skapningen til ein galen vitskapsmann som er besett av å skape monster. Etter kvart som vitskapsmannen lagar nye monster, overser han dei gamle. Stinghode passar på alle monstera og lærer dei å oppføre seg, aldri forlate slottet og ikkje tiltrekkje seg merksemd, i frykt for ein rasande folkemasse.

Ein dag kjem eit omreisande sirkus til byen, og direktøren er på jakt etter den neste store attraksjonen sin. Han blir bergteken av Stinghode og prøver å få han til å forlate slottet i byte mot mogleg berømmelse. Stinghode takkar først nei til tilbodet og ber han ryke og reise, men når han innser at professoren ikkje lenger legg merke til han, takkar han ja likevel, til stor fortviling for dei andre monstera.

Offisiell filmtrailer på engelsk: 
https://www.youtube.com/watch v=4JrJtrGMrEw&t=10s 

Praktisk informasjon:

• Varigheit: 1 t. 31 min.
• Aldersgrense: Ingen aldersgrense oppgitt
• Språk: norsk
• Filmpremiere: 2. oktober 2026
• Billettar: Maks fem billettar per kunde
• Servering før eller etter filmen: Oseana kafé er open frå kl. 12 –19
• Rullestolplass og ledsagarbillett: Kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på 917 50 231 / resepsjon@oseana.no. Ledsagar går gratis.