Familieverkstad – Veggskulpturar

Familieverkstad – Veggskulpturar

Ta med familien på verkstad! Denne gongen inviterar vi små og store til å utforske eit maritimt univers gjennom form i skulptur og relieff.  

Vi jobbar i lufttørkande leire, med inspirasjon frå det som fins på havbotn.  

  • Kva trur du finst på havbotnen som menneske enno ikkje har oppdaga?

  • Korleis ville eit dyr sjå ut dersom det levde på den aller djupaste havbotnen?  

  • Kva slags former, mønster og teksturar finn vi på skjell, korallar og sjødyr?

På verkstaden får de forme eige arbeid og uttrykk.

Pedagog Inga S. Søreide instruerer i ulike teknikkar. Verkstaden passar for heile familien. Alle får rettleiing undervegs. Alt materiale og utstyr er inkludert i prisen. Kunstverka kan takast med heim same dag.

Målet med verkstaden er at foreldre og barn skal skape og oppleve noko saman. Difor må også foreldre eller andre deltakarar kjøpe eigen billett for å dekke utstyrskostnader.

__

Praktisk info:  
Stad: Foajeen
Antall plassar: 30
Varigheit: 2 timar
Pris: 150,-  

Inkludert inngang i Grieg Kunstsamling
Som deltakar på familieverkstadene får du også fri inngang til Grieg Kunstsamling, der de kan utforske kunsten på Oseana saman. (Ordinær inngangspris er kr 100 for vaksne og kr 50 for barn.)

Mange takk til Grieg Foundation, som bringer kunstglede til store og små.