Heim til meg – Claus Sellevoll

Heim til meg – Claus Sellevoll

Framsyninga som fekk både kritikarar og publikum til å juble. Etter 85 utselde kveldar på Ole Bull Scene kjem ho no til Oseana!

Likte du «Singel & Sand» eller «Heim»-serien? Då er dette showet med Claus Sellevoll midt i blinken for deg.

Claus kjenner vi som komikar, skodespelar og gardbrukar. Når han inviterer oss heim, er det til eit hus med mange og varierte rom. Bislaget med slagstøvlar og oljeklede, éi stove til fest og éi til kvardags. Her finn vi rom med lys, og krokar med skugge. Frå kjøkenet må du rekne med å få servert meir raspeballar og sosekjøt enn sushi og vegetar.

I «Heim til meg» vekslar Claus mellom det lettbeinte og det alvorlege. Han hentar i stor grad materialet sitt frå dei frodige karakterane han har møtt heime i Alversund, og frå den mangfaldige strilekulturen.

I år er det 20 år sidan scenedebuten, nettopp på Ole Bull Scene.
«Heim til meg» er ei framsyning laga av Claus Sellevoll i tett samarbeid med regissør Arvid Ones.

Med seg på scena har han Vidar Eldholm på piano og Bjarte Aasmul på gitar.

Vi gler oss!

___

Mat før framsyninga: Informasjon om eventuell showmeny kjem snart

Varigheit: Ca 75 minutt

Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt (tlf. 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis