Juleroser med Herborg Kråkevik, Mathias Eick & band

Juleroser med Herborg Kråkevik, Mathias Eick & band

Herborg Kråkevik legg ut på storslått Julerose-turné med Mathias Eick, Nina Lykke og Julerosetrioen!

Herborg Kråkevik tar i år med seg musikken og suksesskonseptet «Juleroser» til nokre utvalde scener rundt om i landet. I tillegg til ny og tradisjonell julemusikk, vil desse eminente formidlarane gje publikum forteljingar, dikt og humoristiske høgdepunkt frå Juleroser-heftene. Det blir adventstemning, julelatter- og tristesser, klassiske juleforteljingar og heilt rykande ferske tekstar om kvarandre.

Dei siste åra har juleheftet «Juleroser» med redaktør Herborg Kråkevik, blitt ein kjær del av julestemninga i mange heimar rundt om i landet. Jula 2020 kom albumet «Juleroser» med heilt nye julesongar signert mellom andre Aurora Aksnes, Odd Nordstoga og Anne Grete Preus, spelt inn av Herborg og Bergens Filharmoniske Orkester. På albumet medverkar også Bjørn Eidsvåg, Fargespill, Trygve Skaug, Marianne Pentha, AURORA og Mathias Eick. I 2021 kom albumet «Barnas Juleroser» med julesongar og forteljingar som har stått på trykk i juleheftet med same nann, som Herborg også er redaktør for. På albumet opptrer Herborg saman med Julerosekvintetten, Bolteløkka Jentekor, Bislett Guttekor og Kåre Conradi. Julerosekveld består av songar frå begge album.

– Dette skal bli ei juleforestilling som snakkar til alle krinkar og krokar av julehjarte vårt! Jul er følsomme greier, og litt kunst gjer alltid godt, om det no er musikk, litteratur eller biletkunst. Eg håpar de vil koma og oppleva Juleroser frå scenen. Me skal gjera alt me kan for å underhalda og røra dykk og forhåpentlig gje alle litt fred i førjulsinnet, seier Herborg.

Varer ca 1,5 t.