Kniv og taffel tafler julen inn

Kniv og taffel tafler julen inn

Endeleg kjem Kniv og Taffel Swingjazzorkester til Oseana med sin legendariske julekonsert! 

Dette fem-mannsorkesteret har i ei årrekke «tafla jula inn» med Django Reinhart-inspirert fiolinjazz. Her tar det av med virtous stringswing og smektande julesongar i jazzversjon, ispedd ei solid dose humor. Publikum drivast ubønnhøyrleg til eufori, og sørger alltid for at neste års julekonsert blir utseld på ein blunk. Her er det berre å skaffa seg billett først som sist!

Musikarane er kjende frå blant anna Real Ones, og flerie av dei har vunne høgthengande jazzprisar som Vossajazzprisen og Nattjazzprisen.

David Vogt – fiolin, vokal
Mads Berven – gitar, vokal
Karl Wallevik – nylonstrengsgitar, vokal
Kristoffer Vogt – kontrabass, vokal
Kåre Opheim – trommer, vokal

 –––

Musikk, kunst og fjord: Konserten finn stad i flotte omgivnader i Grieg Kunstsamling. Gå ikkje glipp av ei unik oppleving der du får nyte musikk omgitt av fjordutsikt og flotte kunstverk!

Varigheit: om lag 90 minutt.  

Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no

 

 

 Showmeny: julemiddagbuffé

 I desember tilbyr vi julemiddagbuffé i forkant av utvalde kulturarrangement, med førehandsbestilling. 

 Klikk her for å gå direkte til matbestilling for dette arrangementet.

 Maten blir levert av Det Gode Selskap, og du får den servert i kafélokalet i 1. etg. Du møter opp 1–2 timar før arrangementet startar.

Bestilling/kjøp skjer via billettsystemet (lenka over). Frist for matbestilling: innan kl. 11:00 dagen før arrangementet.

Drikke bestiller og betalar du på staden.

Bordønske, allergiar, o.l.: Ta kontakt med post@detgodeselskap.no 

Les meir om mat og drikke på Oseana her.