Konsert med jazzkvartetten Wako – Norsk jazz i toppklasse!

Konsert med jazzkvartetten Wako – Norsk jazz i toppklasse!

Fire norske improvisatorar utforskar sitt heilt eige språk og eigne tilnærming til musikk, med ein fullkomen mangel på respekt for purisme – og ein nesten uvøren haldning til musikalsk risikotaking. Få med deg konserten deira i nydelege omgivnader i Grieg Kunstsamling. 

Med seks album og eit hundretal liveframføringar i ryggen, speler Wako med ein autoritet og personlegdom som plasserer dei i fortroppen av nordisk jazz. Wako er ein av dei mest dynamiske og innovative gruppene på dagens jazzscene. Dei har bygd ein solid fanskare og hausta anerkjenning frå kritikarar nær og fjern.

Ifølge Mark Sullivan (All About Jazz – US) er Wako “eit norsk jazzkollektiv med eit verkeleg kollektivt sound”, og forrige plate “Wako” (Øra fonogram, 2020) blei sett på topplista til Jazzwise (UK) både i mars og april 2020.

Wako har tatt sin musikalitet og kreativitet med rundt Europa, og spelt live både som kvartett og saman med strykarane i Oslo Strings og med blant anna trompetvirtuos Arve Henriksen.

Musikkens omfang er alltid nøye justert til publikum, miljø og musikalsk materiale, noko som betyr at konsertane ikkje berre er superlative, men ogs unike opplevingar. Kort fortalt er Wako ein av dei mest imponerande unge livegruppene i dag.

Individuelt er musikarane også å sjå i prosjekter som spellemannsvinner Hegge, spellemannsnominerte Megalodon Collective, Espen Berg trio, Kjetil Mulelid Trio og Trondheim Jazzorkester.

Wako er:

Martin Myhre Olsen – saksofonar

Kjetil Mulelid – piano

Bárður Reinert Poulsen – kontrabass

Simon Olderskog Albertsen – trommer

Sagt om Wako: 

“Slik holdes jazzen levende” – Aftenposten

 “Wako har på kort tid jobbet seg frem til førstedivisjon med en intelligent, melodisk og skarp variant” – Audun Vinger, Dagens Næringsliv

 “Man føler synapsene knatre og hjernevevet spire og gro når man lytter til Wako. Sjekk bare den lyriske «Skumringsbeltet» med vibrafonisten Rob Waring – her er produksjonen helt vill” – Lars Junge, Stemmegaffel

«Jeg har allerede ryddet plass til albumet Wako på årsbestelisten min. Det skal få stå ganske høyt oppe også.» Arild R. Andersen, Aftenposten

«Expressive reach and austere beauty» – Fritz Balwit (US)

«An entirely open-ended high-risk sort of improvised group playing. It is as if they have abandoned all unnecessary things for lightness of travel. What they need, they will find.» – Audiophile Audition (US)

“These guys have no lack of ideas. It’s really inventive music performed by a very tight quartet. Their sound is very consistent and together. Superb!” – Vital Weekly (NL)

Foto: Eirik Havnes

Musikk, kunst og fjord

Konserten finn stad i flotte omgivnader i Grieg Kunstsamling. Gå ikkje glipp av ei unik oppleving der du får nyte nydeleg musikk omgitt av fjordutsikt og flotte kunstverk.

Konserten varar om lag 75 minutt.

Rullestolplass og ledsagarbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no