Lang desember natt – med Frode Alnæs, Aasmund Nordstoga m/fl.

Lang desember natt – med Frode Alnæs, Aasmund Nordstoga m/fl.

Velkommen til ein lun og stemningsfull førjulskveld fylt med vakker musikk, høgtid, glimt i auga og god julestemning.

 

I desember er Frode Alnæs tilbake med sin populære juleturné «Lang desember natt», og som tradisjonen byr, har han invitert med seg visesongar Aasmund Nordstoga som musikalsk gjest og makker.

Når gitarspelaren og artisten frå Nordmørskysten møter folkemusikaren og gardbrukaren frå Vinje i Telemark, dannar det seg ein musikalsk julemagi. Det er to svært sjarmerande og folkekjære artistar med god kjemi og stor respekt for kvarandre som legg ut på turné saman.

Konsertane byr på mange musikalske høgdepunkt frå Frode og Aasmund sine eigne juleplater, i tillegg til gamle og nye skattar som høyrer jula til.

Frode Alnæs og Aasmund Nordstoga er begge kjent for sin unike formidlingsevne, både musikalsk og verbalt. Og sjølvsagt vil dei òg by på både lystige og gode historier, der gamle juletradisjonar møter vår tid.

Her er det berre å senke skuldrene og nyte den gode, varme og jordnære julestemninga.

Eit kremlag av musikarar følgjer med på ferda: Jørun Bøgeberg (bass), Eivind Kløverød (trommer/perkusjon) og Øyvind Smidt (fele og ulike strengeinstrument).

Konserten varer om lag 90 minutt.