Musical Stories – med Espen Grjotheim og Jannike Kruse

Musical Stories – med Espen Grjotheim og Jannike Kruse

Espen Grjotheim og Jannike Kruse byr på ein storslått konsert med alle musikallåtane vi elskar.

“Musical Stories” byr på eit variert spekter av dei beste musikallåtane. Frå moderne musikalar som “Chess”, “Mamma Mia!” og “We Will Rock You” til klassikarar som “The Sound of Music”, “Les Misérables” og “The Phantom of The Opera”.

Espen og Jannike spelar på heile kjensleregisteret i “A Whole New World” (frå Disneys “Aladdin”), “Gabriellas Sång» (“Så som i himmelen”), jazz-slagarar som “The Lady Is A Tramp” og mektige “Pity the Child” fra “Chess”.

Denne perla av ein konsert har fått toppkritikkar av blant andre Aftenpostens Mona Levin og i Østlandsposten, og hausta jubel frå publikum i store delar av landet!

Bandet består av:

  • Morten Reppesgård – piano
  • Kjell Harald Litangen – gitar
  • Per Elias Drabløs – bass
  • Ole Morten Sommer – trommer

Konserten varar i om lag 1 time og 20 minutt.

Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no

Matservering: Showmeny

Til dette arrangementet tilbyr vi ein eigen showmeny. Du bestiller og betalar på førehand. Måltidet får du servert i kafélokala våre i 1. etg. før arrangementet. Du kan møte opp 1–2 timar før arrangementet startar.

Bestilling/kjøp skjer gjennom billettsystemet. Når du kjøper billettar, vil du få tilbod om å legge til matprodukt. Du kan òg etterbestille mat etter du har kjøpt billettane (lenke under). Frist for matbestilling: innan kl. 11:00 dagen før arrangementet.

Maten blir levert av Det Gode Selskap.

Klikk her for å kome direkte til matbestilling for dette arrangementet.

Bordønske, allergiar o.l.: Vil du sitte ved same bord om nokon i ei anna bestilling? Vil du opplyse om allergiar? Vil du avbestille? Ta kontakt med post@detgodeselskap.no – innan kl. 11:00 dagen før arrangementet. Hugs å oppgi dato for reservasjon og namnet ditt.

Les meir om mat og drikke på Oseana her.