
Opera ved fjorden – Torsdagskonsert
Sommarakademiet Opera ved fjorden finn stad for 6. gong. Opplev unge songarar i starten av karrieren opptre lag med årets akademiorkester. Denne torsdagen får du høyre vakre og kjende ariar songarane sjølv har valt.
Kanskje er det morgondagens operastjerner du får høyre for første gong?
Akademiorkesteret har i år 35 unge orkestermusikarar, som speler i lag med sine gruppeleiarar, alle frå store operahus eller symfoniorkester. Konsertmeister er Maxim Brilinsky, gruppeleiar 1. fiolin, Wiener Philharmoniker?
Opera ved fjorden – Sommarakademi blir arrangert av Bergen Nasjonale Opera i samarbeid med Oseana kunst- og kultursenter, og er støtta av Grieg Foundation, Sparebankstiftelsen DnB, Talent Norge, Sparebankstiftelsen SR-Bank og GC Rieber Fondene.
__
Varigheit: ca 2 timar og 20 minutt, inkludert pause
Ledsagarar og rullestolar: Ledsagarar har fri inngang. Det finst eit avgrensa antal rullestolplassar tilgjengeleg. Billettar til ledsagar og rullestol får du via resepsjonen – kom innom eller kontakt oss på telefon 917 50 231 / e-post resepsjon@oseana.no
___
Matservering: Showmeny
Til dette arrangementet tilbyr vi ein eigen showmeny. Du bestiller og betalar på førehand, og får måltidet servert i kafélokala våre i 1. etg. før arrangementet. Du kan møte opp 1–2 timar før arrangementet startar.
Bestilling/kjøp skjer gjennom billettsystemet. Når du kjøper billettar, vil du få tilbod om å legge til matprodukt. Du kan òg etterbestille mat etter du har kjøpt billettane (lenke under). Frist for matbestilling: innan kl. 11:00 dagen før arrangementet.
Maten blir levert av Det Gode Selskap.
Klikk her for å kome direkte til matbestilling for dette arrangementet.
Bordønske, allergiar o.l.: Vil du sitte ved same bord om nokon i ei anna bestilling? Vil du opplyse om allergiar? Vil du avbestille? Ta kontakt med post@detgodeselskap.no – innan kl. 11:00 dagen før arrangementet. Hugs å oppgi dato for reservasjon og namnet ditt.