Sommarkonsert med Oldtimers Big Band

Sommarkonsert med Oldtimers Big Band

Storband ved fjorden! Oldtimers Big Band feirar sommaren med sin tradisjonsrike sommarkonsert på Oseana-terrassen, og byr på fengande storbandmusikk. 

Under leiing av maestro Are Ovesen skal dei spela kjende instrumentallåter, og songarane Marita Moe Sandven og Fredrik Schmidt Fotland skal tolka låter av mellom andre Michael Bublé, Frank Sinatra, Joni Mitchell og Stevie Wonder.

Oldtimerane er optimistar og ser for seg ein konsert ute i strålande sol, men har sjølvsagt ein plan B dersom vêret ikkje spelar på lag.

Kom på konsert søndag 21. juni klokka 16.00. Lytt til musikken – dans hvis du vil. Du er uansett hjarteleg velkommen til sommarfesten!

___

Varigheit: Om lag 2 timar, inkludert pause.

Ledsagarar har gratis inngang. Billettar til ledsagarar får du via vår resepsjon. Kom innom eller kontakt oss på telefon 917 50 231 / e-post resepsjon@oseana.no . Vår ordinære opningstid er onsdag–søndag kl. 12:00–16:00.

Matservering: Showmeny

Til dette arrangementet tilbyr vi ein eigen showmeny. Du bestiller og betalar på førehand, og får måltidet servert i kafélokala våre i 1. etg. før arrangementet. Møt opp 2 timar før arrangementet startar.

Bestilling/kjøp skjer gjennom billettsystemet. Når du kjøper billettar, vil du få tilbod om å legge til matprodukt. Du kan òg etterbestille mat etter du har kjøpt billettane (lenke under). Frist for matbestilling: innan kl. 11:00 dagen før arrangementet.

Maten blir levert av Det Gode Selskap.

Klikk her for å kome direkte til matbestilling for dette arrangementet

Bordønske, allergiar o.l.: Ta kontakt med post@detgodeselskap.no – innan kl. 11:00 dagen før arrangementet. Hugs å oppgi dato for reservasjon og namnet ditt.

Les meir om mat og drikke på Oseana her.