Os Senioruniversitet – Bård Ose: Beatles, Stones og damene

Os Senioruniversitet – Bård Ose: Beatles, Stones og damene

Bård Ose er kjend for sine mange radioprogram om popmusikk i NRK. Han er i tillegg forfattar, foredragshaldar og utøvande musikar. Han har og gitt ut eit dusin bøker om popmusikk, blant desse bøker om Beatles og Stones.

Foredraget er ei reise gjennom ei musikalsk historie heilt utan sidestykke. Du vil få nytt syn på mange av dei mest kjende låtane – mellom desse kan vi nemne «yesterday», «angie», «wild horse» og «let me down». Heile tida er kvinnene med, og då særleg mødrene.

Det er kvinnene det skal handle om når Bård Ose foredrar om nokre av dei mest kjende songane til dei to største banda på 1960-talet: Beatles og Stones.

Føredraget varer om lag 2 timar inkludert kaffipause.