Os Senioruniversitet – Halvor Folgerø – Ville og farlege Vestlandsvegar

Os Senioruniversitet – Halvor Folgerø – Ville og farlege Vestlandsvegar

Halvor Folgerø har hatt stor suksess med dei to bøkene sine om Vestlandsvegar, som begge er blitt bestseljarar.


I dette foredraget tar han oss med på ei reise til vår nære fortid. Til smale, svingete vegar, langs tronge fjordar, over bratte fjell og luftige stup. Vegar som var spektakulære, men farlege, særleg om vinteren. I dag er mange av desse vegane erstatta av tunellar.

Dei gamle vegane ber på mange dramatiske historier. Det handlar om dramatikk på liv og død, om vettskremde turistar, om kork og kø, men også om pussige episodar og komikk. I tillegg byr foredraget på nye og gamle bilete av dei såkalla skrekkvegane på Vestlandet.

Halvor Folgerø (f. 1967) er forfattar, musikar og journalist og har jobba mange år i NRK. Mange vil kjenne han frå program som Vestlandsrevyen eller Eides språksjov.

Varer ca. 2 timar inkl. kaffipause.