Os Senioruniversitet – Hilmar Mjelde: Presidentvalet i USA 2024. Comeback Trump?
Hilmar Mjelde gir i dette foredraget ein gjennomgang av president Biden sine fire år som president. Deretter retter han søkelyset mot Donald Trump – kvifor er han så populær blant sine eigne, og kvifor ligg han så godt an til å vinne valet? Til slutt tek Mjelde opp kva konsekvensar det vil få for verda om Trump vert gjenvalt.
Hilmar Mjelde er professor i statsvitskap ved Høgskulen Vestland på Vestlandet. Han er både forskar og USA-ekspert. Han har vore svært mykje i USA og har møtt mellom anna Joe Biden, Bernie Sanders, Ron DeSantis og Nikki Haley.
Foredraget varer om lag 2 timar inkludert kaffipause.