Os Senioruniversitet: Ingunn Lunde: Ukrainas historie – frå austslavisk middelalder til moderne demokrati

Os Senioruniversitet: Ingunn Lunde: Ukrainas historie – frå austslavisk middelalder til moderne demokrati

Ingunn Lunde er professor i russisk ved institutt for framandspråk, UIB, og litterær omsettar frå russisk og ukrainsk.

Vi gjer eit djupdykk i historia til Ukraina, eit land som er like stort som det er mangfaldig. Vi ser på korleis Ukraina har vakse fram som ein sjølvstendig stat – og på alle «førhistoriene» til denne staten, frå den austslaviske mellomalderen med sentrum i Kyiv, via kosakkstaten på 1600 -talet, nasjonsbygging på 1800- og 1900-talet, til utviklinga mot eit moderne demokrati i dagens uavhengige Ukraina. Vi ser på forholdet mellom Ukraina og nabolanda, særleg Polen og Russland, og vi trekkjer inn den ukrainske halvøya Kryms lange og rike historie.

Varigheit: Om lag 1 t 45 min inkludert kaffipause.

Rullestolplass: Eit avgrensa antal rullestolplassar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no