Os Senioruniversitet – Thomas Hylland Eriksen – Sju meiningar med livet

Os Senioruniversitet – Thomas Hylland Eriksen – Sju meiningar med livet

Thomas Hylland Eriksen er sosialantropolog og forskar. Han er professor ved Sosialantropologisk institutt, Universitetet i Oslo.


Internasjonalt er han mest kjent for si forsking om etnisitet, nasjonalisme og globalisering. I Norge er han mest kjent for å formidla ulike perspektiv på eit fleirkulturelt samfunn, identitet og ei rekke samfunnsspørsmål gjennom debatt, media og sitt faglitterære forfattarskap.

Han er ein av sin generasjons mest produktive sosialantropologar, og hans fagbøker og artiklar vert lese på mange språk over heile verda. Boka «Øyeblikkets tyranni» vekte stor interesse med fokus på korleis me alle vert «bombadert» av informasjon som me skal sortera.

Hylland Eriksen har vunne ei rekke prisar for si forsking og formidling. I foredraget hos oss vil han ta utgangspunkt i boka «Syv meninger med livet».

Varer ca. 2 timar inkl. kaffipause.