Riksteatret: Detektimen – en kriminalmusikal
Av Mads Bones, Kyrre Havdal og Olve LøsethVelkomen til eit svalestup tilbake til fredagskvelden på åttitalet, den gongen medrivande drapssaker samla kjernefamilien til langpanne-pizza framfor fjernsynsapparatet.
Riksteatret, Nationaltheatret og Nye Hjorten Teater inviterer til ei musikalsk heilaftan med mord og mysterier. Handlinga utspelar seg i internasjonalt farvatn på M/S Kronprins Harald, elles kjend som Kielferga. Den pensjonerte, tyske etterforskaren Stephan Reckyll har funne seg til rette ved ein einarma banditt i skipets kasino, når kapteinen ber han bistå i oppklaringa av ei temmeleg delikat sak: Giftdrap.
Offeret er ingen ringare enn Nora der Liebe, det store trekkplasteret i den sagnomsuste nattklubben Unter den Wellen. Under førebuingane til kveldens nye, spektakulære songnummer segna ho om og døydde. Forgifta. Stephan Reckyll, som hadde lova seg sjølv å legge pistolen på hylla for godt, klarer ikkje styre snushanen i seg. Atter ein gong står han foran ei tilsynelatande uløyseleg gåte, og atter ein gong må han lære seg å sjå alle andre vegar enn der kompassnåla peikar.
Fritt inspirert av Derrick, Columbo, Poirot, Bergerac, Kojak, Miami Vice og alle dei andre fabelaktige detektimane – kan det ikkje bli anna enn morderisk moro. Følgjer du nøye med og gjettar riktig, er det kanskje du som avslører mordaren!
Framsyningslengde: 2 timar 20 minutt (inkludert pause).
Urpremiere i Oslo, Nydalen 24. august 2023
Turnépremiere i Namsos 30. august 2023
Med Øystein Røger, Marit Adeleide Andreassen, Olve Løseth, Kyrre Havdal, Nora Frølich, Emil Olafsson, Silje Lundblad, Patrick Hilmar Ingvaldsen og Daniel Mauricio. Av Mads Bones, Kyrre Havdal og Olve Løseth. Etter ein idé av Øystein Røger. Regissør Mads Bones. Scenograf Katja Ebbel. Lysdesignar Clement Irbil. Kostymedesignar Christina Lovery. Koreograf Martha Standal. Dramaturg Siri Løkholm Ramberg. Produsent Anita Basmo Bjørnstad. Produsert av Riksteatret i samarbeid med Nye Hjorten Teater og Nationaltheatret.