Riksteatret: Hør’a dagbok

Av Amina Sewali

Ein hiphop-musikal for heile familien!

Nansi er ikkje så god i norsk. Ho får tips om å begynne å skrive dagbok – akkurat som han i En pingles dagbok – og går motvillig med på det. Eigentleg har ho anna å gjere. Nansi drøymer nemleg om å bli Noregs største rap-stjerne!

Hør'a dagbok er ei historie om å vere ny i Noreg. Om ei sterk og kul jente som er full av pågangsmot og minst like tøff som mobbarane i klassen. Ho er småfrekk og stor i kjeften, og stiller alltid opp for dei svake.

«Nansi trosser dysleksi og de kule gutta på skolen for å bli rap-stjerne. Dette er Tøyen-versjonen av Tonje Glimmerdal i et halsbrekkende originalt Oslo-språk. Barneboka er full av humor, hjertevarme og nye referanser til mat og musikk.» skrev VG om boken og ga

Ta med vennar, naboar og folk du er glad i når Riksteatret kjem til kulturhuset ditt. Før framsyninga inviterer vi alle til gratis hiphop-kurs i foajeen. Hør'a dagbok blir ein musikal som opnar auge, øyre og hjarte for kven vi er i Noreg akkurat no. Håpar vi sjåast!

Passar for alle over 6 år.

Framsyningslengde: 2 timar (inkludert pause).

Kritikarvisning i Oslo, Nydalen 4. mars 2023 Urpremiere i Vadsø 10. mars 2023 Oslo-premiere på Oslo Nye Teater 30. mai 2023

Med Vegard Bjørsmo, Samantha Gurah, Hans Magnus Hildershavn Rye, Kim Fairchild, Marianne Hetland og Emil Rodrigo Jørgensen.

Idé, konsept og komponist Amina Sewali. Regissør Anders T. Andersen. Scenograf og kostymedesignar Dagny Drage Kleiva. Lysdesignar Agnethe Tellefsen. Lysdesignarprotesjé Shiva Sherveh. Lyddesignar Knut Sævik. Koreograf Amie Mbye. Videodesignar Simon M. Valentine. Dramaturg Rania Broud. Produsent Silje Vigerust Vinjar. Produsert av Riksteatret i samarbeid med Hålogaland Teater og Oslo Nye Teater, på turné med Riksteatret og Hålogaland Teater.