Riksteatret: Jeanne d’Arc

Riksteatret: Jeanne d’Arc

Korleis kan ei ung jente bli eit ikon for ei heil verd?

Historia om Jeanne d'Arc har engasjert og fascinert gjennom århundra. Livet hennar var like dramatisk som det var kort. Bondejenta blei berre 19 år, men rakk å leie soldatar i krig, krone ein konge og tenne eit håp som skulle bli vendepunktet i Frankrikes hundre år lange krig mot England.

I dag, nesten 600 år seinare, slåst vidt forskjellige grupper om eigarskap til Jeanne. Katolikkar, feministar, nasjonalistar – alle vil ha henne som sin frontfigur. Kven var Jeanne d'Arc, og kor kom motet hennar frå? Kva er det med lagnaden hennar som framleis rører oss – lenge etter at ho blei brent på bålet, og gjort til helgen?

- Eg er interessert i mennesket Jeanne d'Arc. Ei så ung kvinne på 1400-talet som klarer det utrulegaste. Kva driv ei ung jente til å få til alt dette? Ho sto opp mot makthavarane, og det vitnar om ein person med høg integritet og stor drivkraft. Det er dei menneskelege aspekta eg er interessert i, seier regissør Eline Arbo.

«Strålende teater!»
Dagbladet, 6

"Usedvanlig vellykket" Morgenbladet «Jeanne d’Arc er både vakker og grusom»
Aftenposten

«Dette er fascinerende intenst, stramt og interessant teater med gode prestasjoner»
Klassekampen

«Monica Dybwad gjør en kraftprestasjon som Jeanne d’Arc»
Dagsavisen

"Skodespelarprestasjonane, scenografien, lys og musikk gjer dette til ein fornøyeleg og underhaldande framsyning"
Scenekunst.no

"Minneverdig: Historien om Jeanne d’Arcs liv og skjebne er både opprørende og inspirerende"
Vårt Land

Kva er vi villige til å kjempe for i dag?
Før kvar framsyning på turné blir det eit introduksjonsforedrag i regi av Nobels Fredssenter med tittel «Kva er vi villige til å kjempe for i dag?» Fredssenteret er invitert med på turné i kraft av å vere forvaltar av nokre av vår tids viktigaste historier om menneske som kjempar for noko større enn seg sjølv.

Anbefalt aldergrense 15 år.
Framsyningslengde: 1 time 30 minutt (ingen pause).

Turnépremiere i Svolvær 31. august 2022
På turné med Riksteatret til 50 stader

Med Monica Dybwad, Mats Moe, Eirik Langås Jørgensen, Oscar Jean, Elias Moussaoui Anseth og Gorm Grømer.

Av Lucas Svensson. Omsett av Oda Fiskum. Lagt til rette av Eline Arbo. Regissør Eline Arbo. Scenograf Olav Myrtvedt. Kostymedesignar Alva Walderhaug Brosten. Komponist Thijs van Vuure. Lysdesignar Øyvind Wangensteen. Dramaturg Oda Radoor. Produsent Silje Vigerust Vinjar.