Riksteatret: Mine venner

Riksteatret: Mine venner

av Monica Isakstuen. Dramatisert av Kjersti Haugen

Surprise party frå helvete

Ho har nettopp «gjort det slutt» med bestevenninna. Henne som ho har delt alt med, fortalt hemmelegheiter til og hata resten av verda med. Ho er rasande. Vel innafor døra i eiga leilegheit høyrer ho stemmer frå soverommet. Der står alle ho har kalla venninnene sine. Dei kjem frå ulike stader, ulike fasar av livet. Det er bursdagen hennar, og dei gir henne ein overraskingsfest ho aldri kjem til å gløyme. Éi etter éi held dei tale: Litt for ærleg. Altfor utleverande.

Den kritikarroste romanen «Mine venner» handlar om vennskap. Invaderande vennskap, gode gamle vennskap, konfliktfylte vennskap, situasjonsbetinga vennskap og ferske vennskap som liknar maniske forelskingar. Kven maktar du å vere når du møter alle du nokonsinne har kjent? Kven er du utan vennane dine?

Monica Isakstuens sjeldne blanding av inderlegheit og humor gjer henne til ein god forfattar og eit fascinerande menneske. På ein gjenkjenneleg og underhaldande måte torer ho snakke om det vi ikkje kan seie til kvarandre, det ingen av oss vågar å snakke om når det handlar om vennar.

Håpar vi sjåast når boka vert forvandla til teater for heile landet!

Sagt om romanen:
«Underholdning på høyt nivå, få pauser og lite small talk»
Dagsavisen (5)

«På glimrende vis illustrerer Isakstuen spennet mellom sosialt akseptert oppførsel og ukultiverte instinkter.»
Aftenposten

«Ikkje gje denne til venninna di utan å ha lese han sjølv først!»
NRK

«Venninneforhold dissekeres på hett og skarpt vis»
Dagbladet (5)

«Monica Isakstuen dyrker den norske hyggelighetens mørke underside på underholdende vis.»
BT

«Monica Isakstuen mestrer et bredt repertoar når hun løfter vennskapets mangslungne vesen opp som studieobjekt – og som uhyre» Morgenbladet

Speletid: 1 time 20 minutt (ingen pause)

Urpremiere i Oslo, Nydalen 17. februar 2022
Turnépremiere på Lillehammer 23. februar 2022


På scenen: Marte Stolp, Evy Kasseth Røsten, Linn Bjørnvik Grøder og Katja Brita Lindeberg.

Etter ein roman av Monica Isakstuen. Dramatisering og regi Kjersti Haugen. Scenograf og kostymedesignar Milja Salovaara. Lysdesignar Øyvind Wangensteen. Komponist og lyddesignar Gaute Tønder. Dramaturg Morten Kjerstad. Produsent Anita Basmo Bjørnstad.
Produsert av Riksteatret.