Riksteatret: Nei, og atter nei
Av Nina Lykke. Dramatisert av Liv Heløe.Nina Lykke sparer ikkje på krutet når ho tar tidsånda på kornet og får oss til å le av oss sjølve. Gle deg til ein nådelaus satire over livet vårt!
Ingrid og Jan har vore gift i eit kvart århundre og bur i ein villa med dei to sønene sine. Gutane er store nok til å verte rekna som vaksne, men oppfører seg som hotellgjestar. For Ingrid har både familielivet og læraryrket mista glansen. Jan, derimot, får opprykk til avdelingsdirektør i departementet og blir overmanna av ein ny og energisk giv. Og av den langt yngre rådgjevaren Hanne, som er i ferd med å bli akterutsegla på familiefronten. Det er på tide å ta grep.
«Nei og atter nei» er ein skarp, morosam og ubehageleg roman om kjernefamiliens kår i eit samfunn der lysta her og no er den edlaste leiestjerna og ingenting er så drygt at det ikkje kan forsvarast med individet sin trong til fridom.
Med kritikarroste Maren Bjørseth i registolen og Ingunn Beate Øyen, Anders Mordal og Mari Hauge Einbu på scenen, kan ikkje dette bli anna enn ein fest av ei framsyning, som mange vil kjenne seg så altfor godt igjen i.
Framsyningslengde: 1 t. 40 min. (ingen pause).
Premiere i Oslo, Nydalen 16. februar 2023 Turnépremiere i Stjørdal 21. februar 2023
Med Ingunn Beate Strige Øyen, Anders Mordal og Mari Hauge Einbu.
Regissør Maren E. Bjørseth. Dramatiker Liv Heløe. Scenograf Signe Gerda Landfald. Kostymedesignar Marianne Sembsmoen. Lysdesignar Ingrid Skanke Høsøien. Lyddesignar og komponist Alf Lund Godbolt. Dramaturg Kristofer Blindheim Grønskag. Produsent Silje Vigerust Vinjar. Produsert av Riksteatret.
«Romanen fungerer vel så godt på scenen som mellom to permer» – Aftenposten (5)
«Det er teater i sin enkleste form, og ikke kjedelig et sekund» – Adressa (5)
«Ja og atter ja! (..) genuint underholdende og ytterst treffende teater» – Vårt Land