AVLYST GRUNNA SJUKDOM! Riksteatret: Stormfulle høyder

AVLYST GRUNNA SJUKDOM! Riksteatret: Stormfulle høyder

Av Emily Brontë. Dramatisert av Rebekka Nilsson og Florian Hellwig.

Ei medrivande og dramatisk historie om klasseforskjellar, hemn og umogleg kjærleik

Den foreldrelause guten Heathcliff blir tatt inn av familien på godset Wuthering Heights, og i løpet av kort tid blir han og dottera i familien, Catherine, svært knytt til kvarandre. Den sterke kjensla av tilknyting held seg sjølv etter at Catherine giftar seg med den rike naboen Edgar Linton.

Emily Brontës romanklassikar «Stormfulle høyder» er ei av tidenes største kjærleiksforteljingar. Catherine og Heathcliffs intense kjærleik er tidlaust fascinerande. Her er det ingen heltar. Berre menneske. Drivne av fortviling, hemnlyst og sjalusi. Og av dei destruktive, stormfulle kreftene i naturen.

Mange TV-seriar og filmatiseringar er blitt gjort av «Stormfulle høyder». TV-serien «Normal People» har klare referansar til Brontës verk, og mange har vel høyrt «Wuthering Heights» av Kate Bush?

Med Riksteatret får du oppleve Emma Bones (frå NRKs «Heimebane» og Netflixs «Ragnarok») og Ravdeep Singh Bajwa (fra Netflixs «Julestom» og NRKs «Norsk-ish») som Catherine og Heathcliff i ein moderne versjon av den britiske klassikaren, ei fargerik og musikalsk framsyning om kjærleik og øydeleggjande krefter.

"Kraftprestasjon fra Emma Bones"
Adresseavisen (5)
"Mystisk og vilt (...) Emma Bones stel showet"
NRK

Les meir om framsyninga i Riksteatret sitt digitale program:
www.riksteatret.no/program-stormfulle-hoyder

Framsyningslengde: 2 timar 20 minutt (inkludert pause)
OBS: Det nyttast scenerøyk og strobelys i framsyninga.

På turné til 50 stader med Riksteatret våren 2023.

Med Emma Bones, Ravdeep Singh Bajwa, Lars August Jørgensen, Mona Huang, Ragnhild Tysse og Lars Henrik Aarnes.