Skjønnheita og udyret

Skjønnheita og udyret

Opplev magien i Skjønnheita og Udyret, ei framsyning som vil treffe deg i hjartet. Teater Vestland presenterer ei unik tolking av den tidlause kjærleikshistoria, skreddarsydd for barn som elskar spenning og fantasi.

Med styrke og mot går Skjønnheita med på å leve saman med Udyret, eit skremmande beist. Det som vidare skjer er så mykje meir enn eit eventyr, det er ei reise fylt med sjarm, latter og hjartevarme augneblinkar.

Med fargerike kostyme, imponerande scenografi og gripande musikk vil Skjønnheita og Udyret fange fantasien din og inspirere deg til å tru på magi. Vi garanterer deg ei uforgløymeleg framsyning for heile familien, med historieforteljing på høgt nivå og ein uventa slutt.

Lat deg rive med av krafta i kjærleiken og verdien av å sjå forbi det ytre. For ein kan berre sjå rett med hjartet. Det mest vesentlege er usynleg for auget.

KUNSTNRALEG LAG
Regissør Elisabeth Topp
Medverkande Idun Losnegård, Kyrre Eikås Ottersen med fleire

Varigheit: ca 1,5 t.