Skulpturkurs – For vaksne

Skulpturkurs – For vaksne

Vil du bli med på den nye mindfulness-trenden og forme i leire?
Gjer noko godt for deg sjølv – både for kropp og sjel – og bli med på årets keramikkurs på Oseana! Kurset blir leia av keramisk designar Silje Haugland Rangset.

Leire er eit spennande, organisk materiale som opnar opp for kreativ utforsking og vakre resultat. På kurset brukar vi høgbrent steingodsleire (ikkje tørkeleire). Alt du lagar, blir glasert og brent, både i råbrann og glasurbrann.

Kurset krev ingen forkunnskapar og her vil du lære formings- og dekorteknikkar.

Denne dagen held vi to skulpturkurs:
Kurs 1: Barn (4–17 år): 11:00–14:00
Kurs 2: Vaksne (18+): 15:00–17:00

Alt du treng, er inkludert:

  • Éi pakke selvtørkande leire (fleire kan kjøpast ved behov)
  • Opplæring av ein erfaren keramisk produktdesignar
  • Leireskulpturen du lagar, kan du ta med deg heim same dag.

PS: Det er òg mogleg å kjøpe keramisk design, handlaga av Silje H. Rangset, lokalt produsert i verkstaden på Halhjem i Bjørnafjorden. Produkta finn du i gåvebutikken til Oseana.

Har du spørsmål, kan du kontakte Silje på tlf: 986 20 322.

Hjarteleg velkomen til den nye, kreative mindfulness-trenden!