Teaterrottene på superhemmeleg oppdrag

Teaterrottene på superhemmeleg oppdrag

I kulissane på teateret er det teaterrottene som styrer og ordnar. Dei er dei usynlege hjelparane som syr og lappar kostymer og dei som fiksar, vaskar og kostar slik at alt går knirkefritt på scena.

Med song, musikk og kanskje til og med litt ramping, tek dei publikum med på eit eventyr utanom det vanlege. Vil Jeppe og Pernille klare å halde seg skjult for teatersjefen og samstundes gje publikum den beste opplevinga nokon gong?

Velkommen til eit superduperhemmeleg møte med Teaterrottene Pernille og Jeppe.

Med Lina Thaule Fjørtoft og Toivo Fjose.

Passar frå 3 – 8 år

Varer omlag 45 minutt.