Tre bøtter til Vaskepott

Tre bøtter til Vaskepott

Vaskepott er ei forheksa prinsesse. Før var ho Askepott, som elska å vaske og stulle og stelle i huset. Rett før ho måtte gifte seg med eventyrprinsen, kyssa ho ein magisk frosk og vart til si store glede trolla om til vaskeekte kjerring.

Men… Viss ikkje ho no klarar å få tak i tre bøtter innan klokka slår tolv, vert trolldomen oppheva, og ho vert prinsesse til evig tid – skrekk og gru!! Men hjelpa kjem frå uventa hold…

Ei morosam, spennande og herleg førjulsperle som treff både små og store:)

 

Med: Lykke K. Moen & Hanne Mellingen

Manus/ idé: Irene Ahnéll

Varer om lag 40 minutt.